Livet bortafor
T: Jon Solberg / M: Jon SolbergFrå albumet Hallingspark (2010)
Lyktenn’ borar i nåtta. Veggar av høge tre.
Nåla rondar senit, og fell te ro.
Lukt av motorolje og varmeapparat.
Ein Pontiac, ein post-it-lapp og ho.
Bulkar frå eit hardt liv, få e retta ut.
Matt i lakken, og rust som har fått gro.
Nokken slutta å bry seg, nokken ga opp.
Ein Pontiac, ein post-it-lapp og ho.
Ho har kjempa for å glømme, ho har pleia gamle sår.
Ho har slitt i seletøyet, tjora fast i gamle spor, så blir det vår.
Nå kjører ho riksvegen te livet bortafor.
Ho svingar av mot sør og får månen midt imot.
Langs vegen ligg det ennå att litt sno.
Håpet kviler i handa, ho slepp’ det ikkje nå.
Ein Pontiac, ein post-it-lapp og ho.
Ho har kjempa for å glømme…
Såra størknar smått om senn.
Og arra teiknar vegen opp igjen.
Ho har kjempa for å glømme…
Motor’n putrar roleg. Kaffe’n e ennå varm.
Ho finn fram nista som ho smurte før ho drog.
Radio’n spelar Prøysen, ein song om blanke ark.
Ein Pontiac, ein post-it-lapp og ho.