Hr. General

T: Jon Solberg / M: Jon Solberg
Frå albumet Langhelg (2011)


Eg e væpna te tenna.
Pistol i båe henda.
Breibeina som John Wayne.
Eg har fulle tønner.
Tolv skot så du sjønner
at detta e banna bein.

Kom ut Hr. General! Kom ut Hr. General!
Kom ut og møt meg te duell.
Kom ut Hr. General! Kom ut Hr. General!
Du skal få smake bly i kveld.

Dine metodar e slue,
som dop fær huet,
du e ein pengegrisk tyrann.
Eg var høg og hekta.
Trur det ligg i slekta,
nok ein lettlurt menig mann.

Kom ut Hr. General!…

Det e slutt på ditt regime,
og oppgjerets time
blir i gata klokka tolv presis.
På det siste slaget
skal eg ta deg av dage
og begrave min siste pris.

Kom ut Hr. General!…