Merkeband
T: Jon Solberg / M: Jon SolbergFrå albumet Sjumilsteg (2008)
Morgodis og sliten kropp,
det tek tid å komma seg opp.
Eg kjente dagen som eit fint trofé,
men det var før sola gjekk ned.
Det e tusen vegar, tusen stigar, ingen merkeband.
I ei grøft ligg ein gutt som ville bli mann.
Eg hadde mot, eg hadde tæl,
nå har eg bare tid å slå ihæl.
Livet e kort, men dagen lang –
hårr e elt som var ein gong?
Det e tusen vegar…
Kvart kryss eg kom te, kvar gong eg gjekk feil –
ein håpar det beste, men har ’kje peil.
Nokken drøymer stort, andre drøymer smått.
Eg drøymer ikkje lenger, det toget har gått.
Det e tusen vegar…