Fiskekunstnar’n
T: Jon Solberg og Halvor Dag Rinde / M: Jon SolbergFrå albumet Bygdabilly Band (2006)
Johs heitte’n, han burde ha stått på sokkel i eige rom.
Om han sa elle: ”Den luringen får fisk i ein kum!”
Han såg ut som ein kval – buken va ’kje akkurat smal.
Men ein kunstrar med stånga i ein joggedress frå Kappahl.
Kvar dag sykla’n ut med makk og slukask i ein påsa.
Ramma krenga og felgenn skrangla der’n tråkka langs med Kåsa.
I regn og sludd utpå isen på ein velbruka sittesekk
kosa’n seg med pipa si, og neglespretten lo’n vekk.
Han kjenner kvar knause, kvar tjønn og kvart tre.
Nikkar og helsar gudag.
Ei roleg skogstjønn og fiskestong.
Johs har komme heim, heim te seg sjølv,
heim te seg sjølv.
I 40 år hadde’n fiska, men ein dag må’n ha hørt ein gammal song:
”You’d better start swinging, boy, or you’ll sink like a stone”.
Tidene endrar seg – han blei lura inn i eit narkoreir.
Ville ikkje Johs bli å sjå ved Svarttjønn meir?
Han kjenner kvar knause, kvar tjønn og kvart tre…
Førrdagen var eg oppe ved Svartjønn og slang.
Da bråka det i krattet – noko tungt med stång steig fram.
”Bit fisken?”, let ei stemme, bondsk og litt nasal.
Og framfor meg stod kunstar’n i ein joggedress frå Kappahl.
Han kjenner kvar knause, kvar tjønn og kvart tre…