ALLE TEKSTAR - ALFABETISK || ALBUM || www.NILIV.no





Songen finn du på albumet
Hallingspark som blei gjeve ut 22. mars 2010.
Label: Sonet

Ying og yang

Tekst og musikk: Jon Solberg

Ho var ei heftig ludagsnått,
han var sondagsmorgon med kaffekopp.
DJ-en spela pop - Michael Jackson utan stopp.
Ho var ein storm - våt og vill,
han var solgangsbrisen - lun og mild.
Dom dansa te Billy Jean.
Ho kviskra: Du e bare min!

Han kunn' 'kje leva utan ho,
og ho kunn' 'kje leva utan han.
Dom var verset og refrenget i ein sang,
og sammen sang dom låta Ying og Yang.

Ho var ein skjærgårdjip i plan,
han var ein pråm som trutnar innte land.
Dom gjekk der hand i hand på stranda i det sola rann.
Ho var ein Porsche kabriolet,
han var ein triogfemti 2CV.
Så sette dom seg ned
i ly under eit eiketre.

Han kunn' 'kje leva utan ho

Ho var juni - lett på tå.
Han var januar med trugur på.
Han var lut, ho var rak.
Det krev styrke å gjera seg svak.

Ho var ei heftig ludagsnått,
han var sondagsmorgon med kaffekopp.
Ho vakna opp så smått.
Han spurte: Har du sove godt?
Ho var ostekanapé,
han var havregraut med smørauge.
Frukost med nytrekt te.
Bak åsen viste sola seg.

Han kunn' 'kje leva utan ho

Og sammen sang dom låta,
sammen sang dom låta,
sammen sang dom låta Yin og Yang.