ALLE TEKSTAR - ALFABETISK || ALBUM || www.NILIV.no



Songen finn du på albumet
Leva meg opp som blei gjeve ut 28. februar 2014.
Label: Grammofon

Leva meg opp

Tekst og musikk: Jon Solberg

Eg skal vera det eg kunne ha vore
Eg skal bli det eg aller fekk bli
Eg skal gjera det eg kunne ha gjort
Eg skal rive meg fri

Eg skal dyrke det eg kunne ha dyrka
Eg skal så der eg aller fekk så
Eg skal spire der eg kunne ha spira
Eg skal danse med gylne strå

Eg skal leva meg opp!

Eg skal finne det eg kunne ha funne
Eg skal sjå det eg aller fekk sjå
Eg skal rope det eg kunne ha ropa
Eg skal stå i vinden, stå!

Eg skal gå der dom sette opp gjerde
Eg skal springe der dom laga bom
Eg skal hoppe ut av kalender’n
Eg skal fly uttafor tid og rom

Eg skal leva meg opp!

Eg skal vera det eg kunne ha vore
(Eg skal vera det eg kunne ha vore)
Eg skal bli det eg aller fekk bli
(Eg skal bli det eg aller fekk bli)
Eg skal gjera det eg kunne ha gjort
(Eg skal gjera det eg kunne ha gjort)
Eg skal rive meg fri!
Eg skal rive meg fri!
Eg skal rive meg fri!

Eg skal leva meg opp!