ALLE TEKSTAR - ALFABETISK || ALBUM || www.NILIV.no





Songen finn du på albumet
Ein kveld med Ni Liv som blei gjeve ut 18. mars 2013.
Label: Big Box

Late Jon

Tekst: Jon Solberg / Musikk: Trad.

Jobbe halv ni te fire kvar dag.
Vera aktiv i et arbeidslag.
Tjene pengar og tenke pensjon.
Nå må du vakne opp, late Jon.

Late Jon, late Jon.
Du e te plage og frustrasjon.
Surt felespel e ingen profesjon.
Få deg ordentleg jobb, late Jon.

Du sit og gnikkar når eg kjem heim.
Det let kattehyl og slakk viftereim.
Når eg ropar e det null reaksjon.
Nå må du vakne opp, late Jon.

` Late Jon, late Jon...

Få fingenn ut og turbo’n inn.
Hell så legg eg fela di ut på finn.
Begeret e fullt og konto’n tom.
Nå må du vakne opp, late Jon.
Late Jon, late Jon...

Late Jon, late Jon
Du e ei plage, ein stein i sko’n.
Surt felespel e ingen profesjon.
Få deg ordentleg jobb, late Jon.