ALLE TEKSTAR - ALFABETISK || ALBUM || www.NILIV.no





Songen finn du på albumet
Langhelg som blei gjeve ut 14. oktober 2011.
Label: Norskamerikaner

Hallo Gentlemann

Tekst og musikk: Jon Solberg

Fiskeskøyta Brattholm ankrar opp i Toftefjord
med splittflagget heist te topp, og 8 tonn sprengstoff om bord.
Mannskapet på 12 har klar instruks og strategi
i et okkupert fedreland, Mars 1943.
- Hallo Gentleman, Hallo Gentlemann

Oppi bukta ligg ein gard, lunt frå vær og vind,
og stemninga i stugo blir rar når 2 ukjente menn stig inn.
Dom seier dom e fiskerar, men dom e dårleg kamuflert.
”Motor’n stoppet uti fjorden her, vi må få skaden reparert.
Kan noen taue oss til Tromsø?”, spør han med engelsk sigarett.
Men ingen fiskerar her har småsko, press i buksa og søring-dialekt.
- Hallo Gentleman, Hallo Gentlemann

På Bromnes fins ein handelsmann, dit e det ein kvart mils veg.
Han stenn på toppen av lista, og skal vera 100 prosent påliteleg.
For dom e ’kje provokatørar, slik følk på øya trur,
nei, dom e Linge-sabotørar frå Shetland med usikker retur.
Te handelsmannen røper dom plan og posisjon,
og ingen av dom veit at han ein rotten nazist med telefon.

Ryktenn’ gjeng som eld i gras over øyar og land.
I fjøra ligg et timeglas, knust, utta sand.
Og da tyskerbåten fossar inn har elt motstandsfølka skjønt
at båt og bevis må brennast, og elle sammen e dødsdømt.

Dom ror og ror for livet. Siste lettbåt med 4 menn.
Ei flytans skyteskive. Sjøen kokar og kulespruten stenn.
Båten blir skutt te pinneved, men dom får krabba seg te land.
Her finns ’kje dekning, her finns ’kje le, dom spyttar blod og sand.

- Hallo Gentleman, Hallo Gentlemann

Men ein mann greier å rømme opp langs kollen og inn et skar.
Han ropar på kameratenn’, men får bare tyske skrik te svar.
Sørover mot Vårøya, med tysker’n hakk i hæl.
Pusten riv i bringa. Det gvin i kulur og smell i gevær.
Blodet renn frå foten, han hiv seg bak et kratt,
og fyrar av Colt’n sin mot ei tyske overmakt.

Frå Vårøya te Mikkelvik på nåtterstid i båt.
Te fots over Ringvassøy i vårsno, tung og våt.
Snoblind og forfrossen på ski i over høge fjell.
Inn dynna te Grønnvoll på Furuflaten sjanglar’n inn kveld.
Det ulmar koldbrann teenn’ på ein vissen, halvdau kropp,
men følka i Nord-Troms og Manndalen gjev ’kje opp

Og elle gode nordmenn som stod i kø
for å hjølpe, sjølv om straffa var tortur og sikker død.
Og elle gode nordmenn i ei krigsherja tid
som fekk’n over te Sverige og ga’n ni liv.
- Hallo Gentleman, Hallo Gentlemann