ALLE TEKSTAR - ALFABETISK || ALBUM || www.NILIV.no





Songen finn du på albumet
Langhelg som blei gjeve ut 14. oktober 2011.
Label: Norskamerikaner

Din mann

Tekst og musikk: Jon Solberg

Flyt avgarde med vår og sønnavind.
Sola ler med raude, ronde kinn
og drøs gull i luggen din, kjære vennen min.
Kjenner eim av ny og naken jord.
Kjenner at ein ung gut veks seg stor.
Nå brånar snoen frå i fjor - me lagar nye spor.

Legge ei hand i di mens vinden stryk forbi.

Ta meg med te fjell og opne sletter.
Ta meg med te kyst og langgronn strand.
Ta meg med te månelyse netter.
Eg e bare din mann.

Dagen spring med mjuke, lette steg.
Du plukkar ein blåveis og gjer’n te meg.
Me finn ein hemmeleg kjerreveg der skogen opnar seg.
Så kjem me fram te ei eng og et eiketre.
Me gjeng over graset og set kånn ned.
Høyr bekken sildrar like ved - nå kan elt ting skje.

Legge ei hand i di mens vinden stryk forbi.

Ta meg med te fjell og opne sletter.
Ta meg med te kyst og langgronn strand.
Ta meg med te månelyse netter.
Frå vett og forstand.
Ta meg med te skyfri himmel.
Ta meg med te hav og fjerne land.
Ta meg med te eg blir ør og svimmel.
Eg e bare din mann.

Me flyg på ei eng høgt i det blå,
og me to greier landinga skal du sjå.

Ta meg med te fjell og åpne sletter...