ALLE TEKSTAR - ALFABETISK || ALBUM || www.NILIV.no









Songen finn du på albumet
Ein kveld med Ni Liv som blei gjeve ut 18. mars 2013.
Label: Big Box


Songen finn du på albumet
Langhelg som blei gjeve ut 14. oktober 2011.
Label: Norskamerikaner

Hard som jønn

Tekst og musikk: Jon Solberg

Etter skulen flykta me i ein Mazda 323
mot Nordheimstjønna med badehandkle, unge og fri.
Me var rusa på livet og med draumar nok
te to heite sjeler og ein diger ungeskokk.
I spellar’n stod ein blank opptakskassett.
Bilstereo'n skurra og spraka, men det var ett fett.
“Here comes the sun”!
Du var vill som ein tiger, Mari,
eg var hard som jønn.

Me sveivar ned rutunn’ og legg kånn mot nakkeputunn’ og skrik ut sommarbrøla.
Nå riv me av kånn på overkroppen og blir deilig forkjøla.
Du skriv ”I love you” i panna mi med penn,
og les frå colakorken ”Indianarane kjem”.
Me syng om kapp te stemma sprekk.
Spring ut av bilen og finn kånn ein bortgjømt flekk
der ved Nordheimstjønn.
Du var vill som ein tiger,
Mari, eg var hard som jønn.

Nå stenn Mazda’n nedpå høggeriet, Mari bur i Trondheim ein stad.
Eg hører ho har fått seg gubbe og ungar, og jobbar i et moteblad.
Og eg har svett akkordlønn hos Johnsen og sønn,
men i hæljenn’ kjem eg ofte hit
te Nordheimstjønna og den dagen i juni blir ein langfilm i huet mitt.
Du kjem mot meg, våt og blid,
og stryk vekk håret frå panna di,
og legg deg ned på sida mi.
Mari du e vill og fri.
Mari du e jenta mi.
Mari, Mari, Mari, Mari, Mari!

Bilen min var ei tidsmaskin. Me konne reise hårr me ville
når bygda blei for trang og maset frå følka heime blei for ille.
Vinden smeikar varme lepper og kinn.
Det dansar skuggar av lette skyer på huden din.
Kroppar som rullar i solvarm sand.
Mari du var elden, eg var skogen som du brann i der ved Nordheimstjønn.
Du var vill som ein tiger,
Mari, eg var hard som jønn.