ALLE TEKSTAR - ALFABETISK || ALBUM || www.NILIV.no





Songen finn du på albumet
Bygdabilly Band som blei gjeve ut 23. jan. 2006.
Label: Warner Music

Pølsemeny

Tekst og musikk: Jon Solberg

Du kjem der kjørans’ ein ettermeddag,
det e fredag og du skal på hytta.
Eigentleg sku’ du hatt arbeidshælj,
men du e sliten og har fått bytta.
”Nå skal det bli godt å slappe av med bøkar og kabal”,
tenker du for deg sjølv,
for nå bynnar kroppen å bli farleg skral.

Tankenn’ flyg om vær og vind,
når noko bynnar lukte stramt.
Du e aleine, så det kan ’kje vera kjerringa
– ho slepp ein fjert iblant.
Nei, detta riv i nåsa, og ryk gjer det au.
Vegen forsvinn i ein svart eim
og dasjbordlampa e raud.

Så svingar du inn på nærmaste bensinstasjon.
Og du tek det for gitt at dom kan bedre din situasjon.
Men bensinstasjonar e ’kje det det var –
ein plass der bilekspertar stod på rekke og rad.
Men jenta ho e blid og glad:
”Åssen pølsemeny vil du ha?”
”Åssen pølsemeny vil du ha?”

Så stenn du der mellom hyllur av mat,
og lurar på hårr elle blei av.
Hårr e han i oljut kjeledress som sa: ”Detta skal nok gå bra!”.
Hårr e pærer, oljefilter, pluggar og viftereim?
Ikkje kjem du på hytta di,
og ikkje kjem du deg heim.

Så svingar du inn…

Så svingar du inn…