ALLE TEKSTAR - ALFABETISK || ALBUM || www.NILIV.no





Songen finn du på albumet
Telemarkana som blei gjeve ut 2. juli 2007.
Label: Warner Music

Asgeir smed

Tekst og musikk: Jon Solberg

”Er det slik kraft i deg som ordet gjeng?”
sa Einar, og steig ned av hesten.
Blanke slag frå smia forsvann i morgodisen,
  og ut steig Asgeir te den ubedne gjesten.

”Håkken e det som kjem her og yppar te strid?”
sa Asgeir, og lot øksa gli over brynet.
Einar tok av pikklua i det sola rann i aust,
og bak skjegg og hår kom ein mordar til syne.

Manndom, styrke og makt.
Hardhuga menn i takt.
På kjempers vis fell store ord,
og på vollen flyt det blod.

”Asgeir, du har bruka stål te mange manns bane,
men i dag skal du møte din overmann!”
”Ordstø e du Einar, og navnspurt e du au,
men frå øksa mi kjem ’kje eit levande grann”.

Manndom, styrke og makt…

Så rauk dom i hop – Einar og Asgeir smed.
Med odd og egg, bistre og brå.
Det klinga i stål og flerra i hud –
båe konne svinge, båe slå.

Så heva Asgeir øksa og gaula: ”Hovmod stenn for fall!”
Og sendte Einar hovudstups beint te Valhall.

Manndom, styrke og makt…