ALLE TEKSTAR - ALFABETISK || ALBUM || www.NILIV.no









Songen finn du på albumet
Ein kveld med Ni Liv som blei gjeve ut 18. mars 2013.
Label: Big Box


Songen finn du på albumet
Hallingspark som blei gjeve ut 22. mars 2010.
Label: Sonet

Hytta

Tekst og musikk: Jon Solberg

Ein stad lengst bort i verda,
der gråna og bjørka syng,
om ivrige guteføtar
gjennom myrull og blåbærlyng.

Ein stad ingen andre kjenner,
med eit hemmeleg liv og mål.
Der tida sit og kviler
ved eit tyrisprakans bål.

Ein stad inn i eventyret
om nøkken, tussar og troll.
Huldra som leikar i graset
på ein bortgjømt setervoll.

Ein stad der dom gamle tidinn’
kviskrar i sønnavind.
Skiltet som heng over dynna
og ønsker velkommen inn.

Her får stega den rette tyngda,
her dreiar blikket utover.
Her e kursen trygg og stø –
eg veit så godt hårr eg skal trø.
”Godt å sjå deg tilbake igjen!”
Helsing hytta, din beste venn.

Ein stad det e godt å sovne,
peisen syng nattesong.
Skuggar som dansar i rommet,
og sullar ”det var ein gong”.

Ein stad det e godt å vakne,
under fjellhimmel’n høg og blå.
Tjønna som blinkar i sola,
og eg set kaffikjelen på.

Her får stega den rette tyngda…

Hels kjende nutar og fjell.
Hels dagen og ta’n slik’n fell.

Her får stega den rette tyngda…