ALLE TEKSTAR - ALFABETISK || ALBUM || www.NILIV.no





Songen finn du på albumet
Sjumilsteg som blei gjeve ut 13. okt. 2008.
Label: Telemarkana Records

Rondingar

Tekst og musikk: Jon Solberg

Odd var to, han var rond og god i kjaka.
Han og mor på kjøkkenbordet og baka
kanelbollar, og Odd var spent –
som overivrig assistent.
Bollen datt. Mjølet skvatt.
Odd spann rondt i sølet som ein katt.

Han laga rondingar for harde livet.
Han laga rondingar, store og små.
Han laga rondingar te krampa tok’n.
Han laga rondingar som mor sku’ få sjå.

Odd blei femten og ingenting skremt’n på jorda.
Sprø som kjeks på trimma TSX det blir spor av.
Inn på fotballbanen som ein hissig klegg
med femogåtti dyse og effektanlegg,
Venstre sving rondt i ring,
O for Odd så lett som ingenting.

Han laga rondingar for harde livet…

For me gutar må markere kånns revir.
Me sladdar og slurrar og sless og spinn og sklir.
Og jentunn’ likar hestar.

Odd blei tjugeein med tynne bein og Merse.
Med venstre arm strak i ro og mak, sku’n perse.
Bak Jålekåsa e’re plenty plass.
Odd rulla inn og gjedde gass.
Dekka gvein. Svidd gummieim.
Odd spann rondt i blårøyk, grus og stein.

Han laga rondingar for harde livet…