ALLE TEKSTAR - ALFABETISK || ALBUM || www.NILIV.no





Songen finn du på albumet
Sjumilsteg som blei gjeve ut 13. okt. 2008.
Label: Telemarkana Records

Land of opportunity

Tekst og musikk: Jon Solberg

Han verva seg i juni, spelemann Frederick Peterson,
dyppa pennen, såg på arket og skreiv namnet sitt på bånn.
7 dollar i månaden, uniform og gratis mat,
han bytta fela med ei rifle, og var amerikansk soldat.
First US Infantry
Indiana Territory.
Ein nordmanns nye melodi
in The Land of Opportunity.

Frederick kom te Fort Dearborn ein haustdag i 1810,
da Chicago var nokka spredte hus som elva rann forbi.
Og her på denna utposten var 54 mann,
som skulle helde skansen i indianerland.
Midtvestens ytre periferi
i Kaptein Healds kompani.
Ein nordmanns nye melodi
in The Land of Opportunity.

Frederic hørte om ”indians”, dom kom nærare kvar dag.
Tecumseh var på krigsstigen og vann mange blodige slag.
Rapportar frå kommandanten fall i hatsk og bitter jord,
men Frederick visste lite om gvit manns svik og tomme ord.
President Madisons krigsmani,
i 1812 var all fred forbi.
Ein nordmanns nye melodi
in The Land of Opportunity.

Soldatenn’ ved Fort Dearborn heldt skansen sin intakt,
men Amerika var ein utpost, Storbritannia ei verdensmakt.
Og da Fort Mackinac blei britisk, og evakueringsordren kom,
stod Frederick og delte tobakk med trommeslagar John.
Kaptein Heald las brevet i raseri.
”Evacuate immediately!”
Ein nordmanns nye melodi
in The Land of Opportunity.

Neste dag kom Billy Wells, og namnet hannoms var kjent.
fostra av høvding Little Turtle, men nå amerikansk agent.
Wells sku’ eskortere garnisonen te Fort Wayne.
Og utanfor venta ”indians” i overtall ti te ein.
Frederick savna fela si –
kikka ned på rifla si.
Ein nordmanns nye melodi
in The Land of Opportunity.

Dom gjekk sørover langs Lake Michigan, Frederick i fremste rad.
Soldatar, sivile, kvinner og barn, nokken banna andre ba.
Wells ropte: ”Indians!”, og fyrste salve small.
Frederick greip rondt pila i bringa da han fall.
First US Infantry
Indiana Territory.
Ein nordmanns siste melodi
in The Land of Opportunity