ALLE TEKSTAR - ALFABETISK || ALBUM || www.NILIV.no





Songen finn du på albumet
Sjumilsteg som blei gjeve ut 13. okt. 2008.
Label: Telemarkana Records

Solfrids song

Tekst og musikk: Jon Solberg

Mørkret kryp langs gølvet, stua e tom og keld.
Lange, tunge skuggar e einaste selskap i kveld.
Elt blei snudd opp ned,
men ho skal greie det.

Gropa borti sofaen, gjømt bak ei grå gardin.
Jakka hannoms heng framleis på den faste knaggen sin.
Ho kjem ’kje vidare,
men ho skal greie det.

Ein av dagenn’ skal ho trø te.
Slå seg opp og slå seg på.
Springe ut, kjenne livet le.
Bare vent og sjå.

Før så konn’ ho sova heilt te sola stod i brann.
Nå ligg ho ofte vaken, og elt ho ser e han.
Bilda gjev ho ’kje fred,
men ho skal greie det.

Ein av dagenn’ skal ho trø te…

To spurvar sat i sola og song på vårgrøn grein.
Vinter’n kom, kulda beit – to spurvar blei te ein.
Og greina ramla ned,
men ho skal greie det.

For ein av dagenn’ skal ho trø te…
Bare vent og sjå.