ALLE TEKSTAR - ALFABETISK || ALBUM || www.NILIV.no





Songen finn du på albumet
Sjumilsteg som blei gjeve ut 13. okt. 2008.
Label: Telemarkana Records

Eg savnar deg her

Tekst og musikk: Jon Solberg

Det e slik livet e, min venn -
ein døyr og kjem te himmelen.
Det e det dom seier te meg, men
eg savnar deg her.

Eg veit du blei ein gammal mann
og at kreftene tek slutt ein gong.
Men livet mitt har fått ein anna klang –
eg savnar deg her.

Hugsar du elt du har lært meg, og gjort?
Eg torde ikkje tru
at du au konne gå bort.

Det var så mykje eg sku’ ha sagt te deg,
me hadde mange planar du og eg.
Det gjekk så fort, så var du resst din veg –
eg savnar deg her.

Hugsar du elt du har lært meg, og gjort?
Eg torde ikkje tru
at du au konne gå bort.

Eg har visst ennå ikkje skjønt det her.
Eg greier ’kje tenke slik dom vaksne gjer
om livets gang og Gud og elt det der –
eg savnar deg her.