ALLE TEKSTAR - ALFABETISK || ALBUM || www.NILIV.no





Songen finn du på albumet
Hallingspark som blei gjeve ut 22. mars 2010.
Label: Sonet

Soga om Ola

Tekst og musikk: Jon Solberg

Han gjekk og fann seg spiker, ein hammar og ei sag.
Hytta skulle byggast i eit tre.
Ein liten gutt på seks treng ’kje hjelp te elle ting,
og plank og bord låg i garasjen like ved.
Han slo på borda –
det e soga om Ola.
Det e soga om Ola.

Han satt og såg ut glaset på ein som gjekk forbi
med fiskestang og grøn sittesekk.
Ein myndig gutt på atten kan vel meir enn å gå på fest,
Så han smørte seg ei niste og var vekk.
Ville ut i sola –
det e soga om Ola.
Det e soga om Ola.

Nabogubben tenkte: ”Det e nå så,
hadde eg hatt betre tid og råd.
Og jobba mykje mindre enn eg gjer nå”.
Men tida gjekk, nå e’n gammal og grå.
Slik kan det fort gå.

Han les og skriv og spelar, og har ofte besøk.
Så gjeng ’n turar og ser sporten på NRK.
Ein gammal gutt på nitti har ’kje tid te å klage og kny,
det e så mange ting å finne på.
Han slo på borda.
Ville ut i sola.
Ein leiken gutt på jorda.
Og med desse orda –
det e soga om Ola.
Det e soga om Ola.