ALLE TEKSTAR - ALFABETISK || ALBUM || www.NILIV.no









Songen finn du på albumet
Ein kveld med Ni Liv som blei gjeve ut 18. mars 2013.
Label: Big Box


Songen finn du på albumet
Hallingspark som blei gjeve ut 22. mars 2010.
Label: Sonet

Hallingspark

Tekst og musikk: Jon Solberg

Eg e ’kje født i går, eg e ’kje gamal ’hell.
Eg har gått nokka mil, men ikkje fløtta fjell.
Eg slær meg ’kje fram, eg kan godt gå rundt.
Eg treng ’kje hoppe i det, eg kan gå der det e grunt.

Eg spring ’kje som jåså’n, eg ruslar jamt og trutt.
Og elle veit at skilpadda vann te slutt.
Eg e ’kje lut i ryggen, eg e ’kje bratt i nakken.
Eg gjeng som eg gjeng og har beina på bakken.

Eg let stjernunn’ på himmel’n henge i fred –
eg rekk ’kje opp, og dom dett ’kje ned.
Men ikkje tru at eg har slokna for det.
Eg e strålans rett som det e,
og tek eit hallingspark ifrå Telemark!

Eg kan snu orda rette vegen, men eg skrik dom ’kje ut.
Når eg pratar svarar ikkje berg og nut.
Eg gjeng ’kje med dress og elt for store sko.
Eg kler meg ’kje jålut så folk skal glo.

Eg let stjernunn’ på himmel’n henge i fred…

Eg har eld som varmar og brenn,
men eg leikar ikkje med’n.
Veden må vera tørr, ikkje rå,
men du brenn’ deg viss du legg for mykje på.

Det e bra i sola, men det e best i skuggen,
så opp med parasollen og ned med stolryggen.
Eg har gode dagar, eg har dagar som gjeng kleint,
men gode dagar kjem aller for seint.

Eg let stjernunn’ på himmel’n henge i fred…

Eg tek eit hallingspark ifrå Telemark!